Utnyttar du «eigne» flater?

Om du er på jakt etter rimeleg, og god reklame, for di verksemd bør du først sjå på korleis du utnyttar «eigne» flater. Flater du allereie eig, og som du står fritt til å disponere som du vil. Typiske eksempel på dette er køyretøy og fasadar.

Skilt og dekorering av fasadar eller bilar kan vera kostbare i innkjøp. Men; fordeler du kostanden ut over eksponeringstida vil du finna at det er noko av den rimelegaste profileringa du kjem til å investere i.

Eple P hjelper deg med utforming, produksjon og montering av skilt og dekor til fasadar og bilar.

Fasadedekor

Me leverer folie til både glas- og aluminiumsflater.

Skilt

Skilt til fasadar, stadionreklame og skiltsystem til innandørs- og utandørs bruk.

Bildekor

Design, produksjon og montering av bildekor